Arkivplanen skal sikre at Voss kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid." Oppdatering av arkivplanen skal skje når:
- ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
- det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel
- ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
- kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
- det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
- det blir gjort vesentlege endringar i kommunens delegasjonsreglement
- kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen
Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når
- det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel
- det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon
Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet. Informasjonssjefen har ansvaret I Voss kommune er arkivansvaret delegert frå rådmannen til informasjonssjefen. Som rådmann i Voss kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen. Voss kommune mars 2017
Einar Hauge rådmann |