Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Permisjonsreglement

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Arkivsak 2013000172

Vedteken i Administrasjonsutvalet i Sund kommune den 16.09.2010

Vedteken i Sund kommunestyre den 9 november 2010

Endra i Administrasjonsutvalet i Sund kommune den 23.01.2013

    

* Kommentarfelta er ikkje å forstå som eigne avsnitt i reglementet men som ei hjelp til å tolke/skjøne kva som er tenkt.

 
1. Føremål

Målsetjinga for personalpolitikken i Sund kommune er å skapa tillit og omsorg rundt kvar einskild medarbeidar slik at ho/han yter sitt beste til at vi får ein Tilgjengeleg, Raus, Kompetent og Løysningsfokusert serviceorganisasjon.
Reglementet skal leggja til rette for at medarbeidarane skal ha høve til vekst og utvikling. Det skal vere gode reglar for permisjon å støtta seg til i dei  ulike livsfasane ein medarbeidar er gjennom i eit langt yrkesliv.

2. Omfang

Reglementet gjeld for alle medarbeidarar som har eit fast forpliktande arbeidstilhøve i Sund kommune. (Viser til HTA § 1)

Permisjon m/løn som er fastsette i talet på dager gjeld også for deltidsmedarbeidarar med eit fast forpliktande arbeidstilhøve, men i høve til deira stillingsstorleik.

Betre permisjonsrettar etter lov og avtale som bind Sund Kommune går føre reglane i dette reglementet,  jf. arbeidsmiljølova(AML), hovudtariffavtala(HTA), hovudavtala(HA), lønsregulativets felles bestemmelser.

2.1    Lønsansiennitet

(Viser til HTA § 12)

Permisjon med heil eller delvis løn avbryt ikkje opptening av lønsansiennitet . Det same gjeld sjuke inntil 1 år, fødsel/ foreldre/adopsjonspermisjon inntil 2 år, tvungen vernepliktteneste og sivilteneste.

Omsorgsteneste vert godskrive med inntil 3 år. Omsorgsteneste vert rekna omsorg for barn eller pleie av eldre eller sjuke.

Uløna permisjon for å utføra offentlege ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonane vert medrekna i lønsansiennitet.

Uløna utdanningspermisjon vert medrekna  med inntil to år når utdanninga har verdi for medarbeidaren sitt arbeid i kommunen.

2.2    Feriepengar

Løna  permisjon vert rekna med i feriepengegrunnlaget dersom det ikkje er gjort vedtak om noko anna.

2.3    Pensjonsmedlemskap

Medarbeidar som er innvilga løna permisjon, opprettheld sitt medlemskap i pensjonsordninga om løna svarer til ei arbeidstid på mist 14 timer pr. veke eller minst 168 timar i eit kvartal.

Medarbeidar som er innvilga permisjon utan løn eller løn tilsvarande under 14 t pr. veke, lengre enn ein månad, skal meldast ut av pensjonsordninga.

Medarbeidarar som følgjer staten sine reglar må ha minst 14 arbeidstimar i veka, eller for lærarar minimum 35 % av full stilling, for å kunne vera med i pensjonskassen. (Viser til pkt.9.17 side 296. i Statens Personalhandbok)

Ved utmelding av pensjonsordninga mottar arbeidstakaren informasjon om opptente rettar frå pensjonsselskapa. Arbeidstakaren får då tilbod om å teikna frivillig medlemsskap etter dei reglar som gjeld for pensjonsordninga, arbeidstakar må då sjølv ta kontakt med pensjonsselskapet. 

Alle medlemmer i Statens Pensjonskasse er under permisjon forsikra som om dei sto i stillinga, dersom det skulle inntreffa eit pensjonstilfelle. (Viser til pkt. 9.17 side 295. i Statens Personalhandbok (permisjonsavtala)

2.4       Driftsomsyn

Ved handsaming av permisjonssøknader som ikkje er lov- eller avtalefesta, skal ein søkje å finne gode løysingar.  Men det skal takast naudsynt omsyn til budsjettrammer og personellsituasjonen. Det skal gjerast ei konkret vurdering om permisjonen er til fordel eller ulempe for driftsmålsetjingane . Ei slik vurdering kan føre til ulik handsaming av søknader.

 

3.      Velferdspermisjonar

Velferdspermisjonar er tenk brukt når medarbeidaren kjem i ein vanskeleg eller spesiell  situasjon i kvardagen. Velferdspermisjon med løn kan gjevast med inntil 12  arbeidsdagar pr kalenderår. Det kan avtalast fleksibelt uttak av permisjonsdagane. Viser til HTA §14.1 Kommunens personalhandbok kap 6.5 Undervisningspersonalet og andre som følgjer skulen si opningstid nyttar skuleåret som av reknings år.

* Ved praktisering av velferdspermisjonar ser arbeidsgjevar for seg at det vert lagt opp til ei fleksibel ordning med omsyn til uttak av permisjon. Det er likevel slik at om vilkåra for permisjonen opphøyrer, opphøyrer og permisjonen. Kap 6.5.1 Velferdspermisjonar står det at i tariffoppgjeret i 2008 vart talet på dagar auka med to, bakgrunn for det var krav frå organisasjonane om ekstra fri for å pleie sjuke foreldre. Sjølv om talet på dagar vart auka er desse dasgane ikkje øyremerka pleie av sjuke foreldre.

Fri utover 12 dagar med løn vert gjeve som uløna permisjon.

Velferdspermisjonar er tenk brukt når medarbeidaren kjem i ein vanskeleg eller spesiell  situasjon

Avgjerdsmynde: Einingsleiar

 

Flg. Regelverk vert nytta når det vert gjeve velferdspermisjonar:                

3. 1      Alvorleg sjukdom

Ved alvorleg sjukdom i næraste familie ( ektefelle, sambuar, foreldre, besteforeldre, barn, sysken eller andre som står arbeidstakaren nær ), inntil 5 dagar.

* Arbeidstakar tar kontakt med arbeidsgjevar på telefon og kjem fram til ei teneleg ordning innafor desse 5 dagane. Med andre som står arbeidstakar nær kan vere svigerfamilie, nabo, ven, sambygding eller fjern slektning.      

Rett til permisjon ved barns – og barnepassers sjukdom i samsvar med AML §12-9. og HTA kap 1 § 8.4       

* Foreldre har rett på 10 dagars permisjon ved eitt barn, ved forsørgjaransvar for to eller fleire barn er retten 15 dagar. Åleineforsørgjar har rett på 20 dagar ved eitt barn og 30 dagar ved to eller fleire barn. Den tilsette kan likevel ikkje krevje at ferien vert utsett grunna slik permisjon. Retten til slik permisjon gjeld til barnet er fylt 12 år, er barnet funksjonshemma gjeld ikkje     12 års grensa      

AML § 12-10 gjev rett til permisjon i 20 dagar for pleie av nære pårørande i heimen i terminalfasen. I ein del tilfelle vert det utbetalt sjukepengar frå folketrygda. Folketrygdlova § 9-12       

*Den tilsette tar kontakt med leiar slik at rett ordning vert nytta.      

3. 2     Dødsfall

Ved dødsfall i næraste familie (ektefelle, sambuar, foreldre, besteforeldre, barn, sysken, svigerfamilie eller andre som står arbeidstakaren nær ), inntil 5 dagar. Permisjonen er då inkludert evt . reisedagar.          

* Arbeidstakar tar kontakt med arbeidsgjevar på telefon og kjem fram til ei teneleg ordning innafor desse 5 dagane. Med andre som står arbeidstakar nær kan vere nabo, ven, sambygding eller fjern slektning. Talet på dagar vert avtala med leiar.      

3. 3     Tilvenning av barn i barnehage / skulestart

For tilvenning av barn i barnehage, kan det gjevast permisjon med løn i inntil 3 dagar når ein av foreldra må vera tilstades med barnet i barnehagen.

Foreldre kan få velferdspermisjon med løn for å følgja barn på skulen første dagen.

3. 4     Konfirmasjon/borgarleg konfirmasjon eigne barn

Det vert gjeve permisjon  1 dag med løn i høve konfirmasjon til eigne barn dersom dagen er lagt til dag med ordinært arbeid / vakt.

3. 5     Eige bryllaup

Det vert gjeve fri 1 dag i høve eige bryllaup.      

* Permisjonsdagen treng ikkje vere sjølve bryllaupsdagen.      

3. 6    Flytting og istandsetjing av husvære

Det vert gjeve permisjon inntil 2 dager med løn ved innflytting og istandsetting av eige hus / husvære.             

* Det er her tenkt på å få vaska hus/husvære eller at ein har andre behov t.d. innflytting/ utflytting av innbu      

3. 7    Deltaking i større idrettsarrangement

For internasjonale idrettsarrangement, landskampar o.l. vert det gjeve inntil 5 dagar.

For deltaking i finale i Noregsmeisterskap vert det gjeve inntil 2 dagar også for leiarar.

3. 8    Høgtidsdagar

For feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender vert det gjeve inntil 2 dagar fri.

3. 9    Andre velferdsgrunnar

Om det er naudsynt kan undersøking hjå lege, tannlege, fysioterapeut, kiropraktor  og psykolog gjennomførast i arbeidstida som velferdspermisjon med løn. Permisjonen vert rekna av på velferdspermisjonskvota.         

* Ved deltidsstillingar vert det forventa at arbeidstakar nyttar dagar ein ikkje er i arbeid. Der det likevel vert slik at spesialisttimar o.l. må gjennomførast i arbeidstida skal det gjerast ei positiv vurdering.     

3. 10   Åremålsdagar

Arbeidstakarar som fyller 50,60 eller 70 år, får permisjon m /løn 1 dag i samband med åremålsdagen.

* Permisjonsdagen treng ikkje vere sjølve dagen.      

 

4. Permisjonar for utføring av tillitsverv / ombod

4.1  Offentlege tillitsverv og ombod

Som offentlege tillitsverv vert rekna ombod som er oppretta ved lov eller med heimel i lov, her også domsmenn, skjønnsmenn og rettsvitne.

Medarbeidarar vert innvilga permisjon med løn inntil 12 dagar pr. år for å utføra offentlege tillitsverv. Det er ein føresetnad at vervet ikkje kan utførast utanfor arbeidstid.    

* Arbeidstakar har plikt på seg til å på førehand ta kontakt med arbeidsgjevar om permisjon.      

Medarbeidar som vert vald til stortingsrepresentant , ordførar eller anna offentleg tillitsverv på heil eller deltid , vert innvilga permisjon utan løn for valbolken.( Viser til HTA kap.1 §14)

4.2   Politisk arbeid – nominasjonsmøter

Medarbeidar som vert vald til utsending til nominasjonsmøte, ved stortingsval, fylkestingval, eller kommuneval vert innvilga permisjon m / løn.

4.3    Tillitsverv/ stilling i arbeidstakarorganisasjonane
4.3.1    Ordinære  tillitsverv

Permisjon ved ordinære tillitsverv vert regulert i Hovudavtala del B § 3-5.

4.3.2    Deltaking i lokale eller sentrale forhandlingar

Ved deltaking i lokale eller sentrale forhandlingar vert det gjeve permisjon med løn.

(Viser til HA del B § 3-5)

4.3.3        Valte, faste medlemmar i ein arbeidstakarorganisasjon

Vert tilsette vald som faste medlemmar av vedtektsfesta sentrale og distrikts-/fylkesorgan kan det ikkje utan tvingande grunn nektast permisjon i inntil 12 arbeidsdagar pr. år. (Viser til Hovudavtala del B § 3-5 c)       

* Permisjon etter 4.3.3     gjeld for møter i organet og ikkje for anna arbeid i organisasjonen

4.3.4    Tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonar/forhandlingssamanslutning

Medarbeidarar som vert valde / tilsette i fastløna tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonane sine sentrale eller distrikts - / fylkesorgan eller tilsett som funksjonær i sin organisasjon, vert innvilga uløna permisjon utan tidsmessig avgrensing.
4.3.5    Tillitsvaltopplæring

Ved opplæring som har betyding for arbeidstakar sin funksjon som tillitsvald, kan permisjon med heil eller delvis løn bli gjeve.(Viser til HA del B § 3-6)

* Den tillitsvalde har rett og plikt til å ta del i opplæring som er av betyding for funksjonen som tillitsvald. Arbeidsgjevar skal leggja til rette for at det vert tatt omsyn til tillitsvalde sitt behov for opplæring.      

4. 4.  Andre tillitsverv

Medarbeidarar med tillitsverv i dei funksjonshemma sine interesseorganisasjonar , kan gjevast permisjon med heimel i dette punktet. Permisjonen kan og omfatta kurs når kurset har noko å seia for medarbeidaren sitt arbeid med å fremja funksjonshemma sine interesser.

Avgjerdsmynde: Einingsleiar

 

5. Diverse permisjonsføresegner

5. 1   Overgang til ny kommunal stilling

Medarbeidarar får som hovudregel ikkje permisjon å gå over i annan fast kommunal stilling i Sund kommune.

AvgjerdsmyndeRådmann    
5. 2    Overgang til ny stilling utanfor kommunen

Medarbeidarar som har arbeidd i 4 år i samanheng i same stilling i Sund kommune , kan få permisjon utan løn i inntil eitt år ved overgang til anna stilling utanfor kommunen dersom arbeidet har fagleg verdi for vedkommande sitt arbeid i kommunen.

Avgjerdsmynde:  Einingsleiar  
5. 3   Friår

Medarbeidarar med til sammen 10 års samanhengande teneste i Sund kommune , kan gjevast permisjon utan løn i inntil eitt år utan at det ligg noko spesielt til grunn.

Avgjerdsmynde: Einingsleiar

 

6.    Permisjonar ved opplæring / utdanning

6. 1.    Permisjon til opplæring og kurs

Hovudavtala regulerar permisjonane for dei kommunane som har ein vedteken opplæringsplan. Sund kommune nyttar prinsippa i HA del B. §7 og del C. §6.

Avgjerdsmynde:   Einingsleiar  
6. 1. 1   Permisjon til utdanning

AML § 12-11 ligg til grunn.
Tilsette som har vore i arbeidslivet i tre år og som har vore tilsett i Sund kommune dei siste to åra har rett til utdanningspermisjon utan løn i inntil tre år.
Utdanning ut over grunnskule eller vidaregåande skule nivå må vere yrkesrelatert for å gje rett til permisjon.
Det kan ikkje krevjast permisjon på eit tidspunkt dette vil hindra arbeidsgjevar i ei forsvarleg planlegging av drift og personalressursar.       

* Utdanninga må vere yrkesrelatert. Det er nok at utdanninga har relevans i forhold til yrkeslivet generelt, ikkje spesifikt inn mot den stillinga arbeidstakar søkjer permisjon frå. For rein hobbyverksemd kan det ikkje søkast om permisjon.   

6. 1. 2   Utdanningsvikariat/utdanningsstipend
Lokale opplæringsplanar (barnehage, skule og omsorg) vil ta stilling til korleis kommunen skal nytta utdanningsvikariat/utdanningsstipend som verkemiddel for å stimulera medarbeidarar til å ta utdanning innanfor prioriterte område.

Avgjerdsmynde:   Rådmann  
6. 1. 3  Eksamen
HTA § 14.4:
”I forbindelse med avleggelse av eksamen gis permisjon med lønn for eksamensdagen(e) samt to lesedager før hver eksamen. Ved eksamensformer som varer 3 sammenhengende dager eller mer, skal det drøftes en ytterligere tilrettelegging. Det er en forutsetning at vedkommende ville hatt ordinært arbeid de to dagene umiddelbart før eksamen, og at faget har betydning for kommunen.”   

* Det er her ein føresetnad at faget har relevans for kommunen som arbeidsgjevar. Enkelte prøvar/eksamenar fell utanfor reglementet, dette gjeld m. a førarprøve (med mindre dette er i arbeidsgjevars interesse, t. d utviding av sertifikat), fornya eksamen i vidaregåande skule og eksamen i fag som ligg heilt utanfor arbeidstakar sitt arbeidsområde og naturlege karriereutvikling.   

Eksamensformer som varar i tre dagar eller meir, kan få ytterlegare tilrettelegging ved at arbeidsgjevar legg til rette for avspasering, ferieavvikling eller endra arbeidstid.

 Avgjerdsmynde:    Einingsleiar

7. Svangerskap, foreldre, adopsjonspermisjonar og amme fri

Permisjonar vert regulert av Arbeidsmiljølova kap.12 § 12-1 til § 12-8, HTA kap.1 §8 og Folketrygdlova del V. Kap 14 § 14.1 til § 14.18

7. 1    Svangerskapskontroll

Arbeidstakar som er gravid har rett til fri frå arbeid med løn,  i samband med svangerskapskontroll, dersom slik undersøking ikkje kan finna stad utanfor arbeidstida.     

7. 2    Svangerskapspermisjon

Arbeidstakar som er gravid har rett på permisjon i inntil 12 veker under svangerskapet.

7. 3    Omsorgspermisjon

I samband med fødsel har faren rett til 2 vekers permisjon for å støtte mora. Om foreldra ikkje bur saman, kan retten til permisjon utøvast av ein annan som kan støtte mor. (Viser til AML kap 12 § 12.3. 1 ledd)

Adoptivforeldre og fosterforeldre har rett til 2 vekers permisjon i samband med at dei overtar omsorga for barnet. Dette gjeld ikkje ved stebarnsadopsjon eller om barnet er over 15 år. (viser til AML kap 12 § 12.3. 2 ledd)

7. 4    Fødselspermisjon

Dei første 6 vekene etter fødsel skal mora ha permisjon med mindre ho kan framlegga legeerklæring på at det er best for ho å komma i arbeid.

7. 5    Foreldrepermisjon

Foreldre har rett til permisjon i til saman 12 månader, denne retten er inklusive punkta 7.2 og 7.4 Foreldre har uansett rett til permisjon når det vert ytt foreldrepengar frå folketrygda. (Viser til AML kap 12 § 12.5. 1 ledd)

Kvar av foreldra har i tillegg til permisjon etter første avsnitt, rett til uløna permisjon i inntil 12 månader for kvar fødsel. Denne permisjonen må takast ut umiddelbart etter foreldra sin permisjon etter første avsnitt.

Arbeidstakarar som har delvis permisjon etter punkt 7.4 har likevel ikkje rett til permisjon etter dette avsnittet. (Viser til AML kap 12. § 12.5. 2 ledd)

Adoptivforeldre og fosterforeldre har rett til permisjon etter dette punktet når dei overtar omsorg for barnet. Det same gjeld arbeidstakar som får tildelt foreldreansvar når den andre av foreldra dør. (Viser til AML kap 12. § 12.5. 4 ledd)      

* Kommunens personalhandbok kap 6.1.14: Samla stønadsperiode   
Samla stønadsperiode vert 56 veker ved 80% sats og 46 veker ved 100% sats. Fordelinga mellom foreldra vert då 10 veker til far og 9 veker til mor (tre + seks veker). 37 veker ved 80% sats eller 27 veker ved 100% sats kan fordelast mellom foreldra.

 7. 6    Fedrekvote
Dersom begge foreldra fyller rett til foreldrepengar, er 60 dagar (12 veker) av stønadsperioden forbeholdt faren (fedrekvote) (Viser til HTA kap 1. § 8.3.6. Folketrygdlova kap 14. § 14.12).

 7. 7    Delvis permisjon
Permisjon etter punkta 7.2, 7.4 og 7.5 første avsnitt kan takast ut som delvis permisjon.
Delvis permisjon vert basert på avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Arbeidstakar sitt ønskje om korleis uttak av delvis permisjon skal gjennomførast, skal oppfyllast om dette ikkje fører med seg store vanskar for arbeidsgjevar.
Delvis permisjon må takast ut innafor ei tidsramme på 3 år.

7. 8    Varsling
Ved permisjonar etter punkta 7.2 til 7.6 skal ein varsle arbeidsgjevar så snart som råd er og seinast ei veke før fråvær utover to veker, seinast fire veker for fråvær utover tolv veker og seinast tolv veker for fråvær utover eitt år. (Viser til AML kap 12. § 12.7)

 7. 9.   Amming

Tilsett som ammer sitt barn kan krevja inntil 2 timar fri pr dag som redusert arbeidstid eller ho kan ta det ut med 1 time to gangar dagleg. (Viser til  HTA kap 1. § 8.3.4.)         

*Kommunens personalhandbok     kap 6.1.15:   
Intensjonen med fri til å amme er at amming faktisk vert gjort og at det ikkje er meininga at det vert samla opp og nytta til anna formål.

 

8.  Klagerett

Organisasjonane gis klagerett til administrasjonsutvalet på usemje om prinsipielle spørsmål i reglementet og handtering av disse.

Einskildsaker kan klagast inn for rådmannen.